torsdag 5. mai 2011

Vi kan godt kysse

Frank er ein nydumpa student av ein vestleding. I sin djupe kjærleikssorg vender han hovudet sitt mot eit nytt og impulsivt kollektiv i Oslo. I kollektivet i st. Olavsgate 7 bur Erle, ei lystig, energisk og livsglad jente. Frank liker ikkje Erle med si muntre oppførsel og lyst på livet. Erle liker ikkje Frank med sin dystre og inneslutta framtreden. Likevel må dei to lære seg å bu under same tak, noko som byr på fleire utfordringar enn forventa. Frank slit med å fullføre hovudoppgåva, Erle mistar jobben. Begge to vil gå på trynet, men vil dei gjere det saman?

torsdag 28. april 2011

Ei historie med sterke verb

Den gamle stokken min var ikkje like stødig som den ein gong hadde vore, men eg hadde ikkje hjarte til å bytte den ut. Den hadde vore min faste turkamerat sia eg pensjonerte meg, og skulle spasere med meg livet ut. Eg greip tak i det svarte håndtaket på han, opna utgangsdøra og kraup ut i det sure haustvêret. Sonen min spurde alltid kvifor eg gjekk turar i slikt dritvêr, men da svarte eg alltid; Det finnes ikkje dårlig vêr, berre dårlig klede. Lauva på bakken virvla rundt ikring. Det var blest ute. Den isande vinden svei i øyra mine idet lua mi flaug til vers. Eg skreik etter han, men til inga nytte. Den dansa fleire meter bortover med vinden før den bora seg inn i eit kratt. Tanken på å gå å hente den var svært lite fristande, så eg beit tenna saman, laug til meg sjølv om at eg ikkje fraus, og gjekk vidare. Gammal pensjonist i farta!