søndag 12. september 2010

Er det no eg berre skal sove vidare?

Alle har dagar ein lett blir fortvilt over ting ein gong i blant. Ein kan bli fortvilt over å ha dårleg tid på å ete frukost om morgonen, eller over å slite med ein dritkjedeleg lekseoppgåve som må leverast inn i nærmaste framtid. Det kan vere småtteriar som å ikkje finne ut kva ein kan ha på seg ein vanleg skuledag, eller som å ha ein dårleg hårdag, der håret ser heilt gruvsamt ut uansett kor mykje ein børstar og fiksar på det. Berre det å ikkje klare å få igjen bukseknappen, kan få folk til å grine av fortviling på slike dagar. Det er berre sånn. Alt er heilt håplaust!


I dag har eg ein sånn dag. Eg måtte ete frukost på knappe fem minuttar, og gjere ein dritkjedeleg mattelekseoppgåve som skal leverast inn i morgon. Eg brukte ein time på å finne ut kva eg skulle ha på meg på skulen, og håret mitt ser ut som eit skittent kråkereir! I tillegg så får eg faen ikkje kneppa igjen den jævla bukseknappen, heller. Eg vil berre grine…

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar